Hopp til innhald

Austre Hodne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. oktober 2016 kl. 12:41 av Helland (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker)
Austre Hodne ein regntung augustdag i 2012. Vestre Hodne i Evje og Hornnes i framgrunnen.
Austre Hodne ein disig desemberdag i 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Austre Hodne er ein gard (gnr. 1) heilt nord-vest i Iveland kommune. Han ligg på austsida av Otra, nord for Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen), og er nabogard til Vestre Hodne på andre sida av elva, i Evje og Hornnes kommune.

Historie

I den ålmenne kultursoga for Iveland skriv Aslak Fjermedal at Austre Hodne truleg er den eldste garden i Iveland, og at det ikkje er urimeleg at gardshistoria går tilbake til romertida (0-400 e.Kr.)[1] Men etter arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland i 2007 er det dokumentert kontinuerleg busetjing i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.)[2]. Ut i frå denne nye kunnskapen om den forhistoriske busetjinga i Setesdal, er det vel ikkje heilt usannsynleg at ein med tida vil kunne kome fram til at den første faste busetnaden i Iveland også er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Frå gamalt av har det vore to bruk på Austre Hodne; «Der ut» og «Der heim». Før det kom bru over Otra ved Kilefjorden måtte ein ferje over elva til Vestre Hodne, og det var ferjestad på garden.

Første halvdel av 1900-talet var det noko drift etter feltspat og kvarts i nokre mindre gruver på garden.

Kjelder

Eksterne lenker

Referansar

<references>

  1. Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 146
  2. Gaute Reitan, Moi i Bygland - Fra yngre bronsealder til høymiddelalder på sju uker, artikkel i Spor i Setesdalsjord, 2014, side 71