Knutsbakk

Foto: Knut William Bygland
Knutsbakk er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Staden ligg om lag 175 meter frå Bygland kyrkje. Knutsbakk har og fleire gravhaugar frå vikingtida. Plassen var o tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida er det fortalt.
Minnestøtta vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. På støtta står desse namna: Nere Aakhus, Knut Bø, Arne Scheie, Gunnar Såghus, Jentoft Andersen, Jørgen Lidtveit og Georg Nordgård.
Kjelde
- Informasjon frå Facebookgruppa «Bileter frå Bygland i gamle dager»
Galleri
- Alle bileta i galleriet er tekne av Knut O. Haugå
-
Fylkesmann Nils Hjelmtveit avdukar minnestøtta
-
Forsvaret sin representant talar
-
Istandsetting av muren ved Knutsbakk. Frå venstre: Olav Vollen og Olav Bubakk
-
Minnestøtta ved opninga i 1947