Ingrid Tveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2012 kl. 17:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ingrid Tveit)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingrid Tveit (fødd 3. februar 1949) bur på Rysstad. Etter ein huspost då ho var 14, arbeidde ho i åtte år på Hylestad samvirkelag. Så begynte ho på Nomeland Anlegg og var der ein periode. I 1970 gifta ho seg med bilmekanikaren og munnharpesmeden Knut Tveit og i 1972 fekk dei sonen Einar Tveit i 1972. Sidan fekk ho Reidar Tveit i 1975. Ho tok til som landpostbud i 1983 og var postbud i 20 år på Rysstad i den sørlegaste ruta i Valle kommune. Siste jobben ho hadde var som reinhaldar i Valle kommune, der ho var på Hylestad skule.

Ho har hytte i Vadet i Vesheii og likar å køyre scooter dit når føret er lagleg.

Kjelde

  • Opplyst i samtale 23. januar 2012

Tveit, Ingrid