Badmintongruppa

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. august 2015 kl. 13:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Otrahallen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Badmintongruppa er ei undergruppe i Otra IL. Gruppa blei teken opp i idrettslaget under årsmøtet 23. april 2015.

Gruppa blei starta opp på privat initiativ i 2013, med trening i Otrahallen ein kveld i veka. Hausten 2014 var det alt 28 aktive medlemer i gruppa. Sju av desse var under 16 år.

Den første leiar i gruppa er Thomas Christian Malm. Han er tidlegare aktiv badmintonspelar på elitenivå.

Kjelder

  • Innkalling m/saksdokument til og protokoll frå årsmøtet i Otra IL 23. april 2015