Røysland (Valle gnr. 21)
Røysland er ein gard (gnr. 21) på vestsida av Otra, heilt nord i Valle. I sør grensar garden mot Løyland, og dessutan Åmli og Berg. På andre sida av Otra ligg [[Lunden (Valle gnr. 22]|Lunden]]. Det er bru over Otra ved Kallefoss. Nordover derfrå går vegen forbi Løyland og vidare til Røysland.
Historie
Alderen på garden er uviss, men kanskje mest truleg frå tidsromet 600-1000 e.Kr. Tor på Røysland er nemnd i kjelder frå 1595 til 1601, og er den første mannen ein kjenner namnet til på garden.
I 1752 var det storflaum i Otra, og det blei gjort stor skade på åker og eng på Røysland. 5. august 1793 vart garden, som mange andre gardar i Valle, råka av ras som gjorde store øydeleggjingar.
Slåttene på garden låg delvis langt nord i heia, over ei mil vekk. Det var mange støylar, mellom anna Krone, Slettestøyl, Iglebu, Nautebø, Nevredalen, Haugen, Nyestøyl, Reinsstøyl, Hestefjødd og Solli. Støylsdrift i vanleg forstand var det slutt med først på 1950-talet.
Det var sag på garden frå 1787 eller noko tidlegare. Denne saga stod truleg til eit stykke ut på 1800-talet. Også i nyare tid var det ei sag. Ho stod til 1961.
Garden hadde kvernhus i Lisleå. Men like etter 2. verdskrigen var det slutt på malinga her.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 456-543