Hægebostad kyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. januar 2016 kl. 09:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hægebostad kyrkje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hægebostad kyrkje er ei tømmerbygd langkyrkje mellom Birkeland og Snartemo sør i Hægebostad kommune. Kyrkja er orientert aust-vest, med tårnet i vest. Ho blei bygd i 1844, etter teikningar av sokneprest N.C. Hald. Sideutbyggingar på kvar side gjer at kyrkja har ei åttekanta form. Denne konstruksjonen (samanføyinga skip/kor) var ei stor utfordring under bygginga. Det var lokale handverkarar som utførte arbeidet.

Som kyrkjeplass er området der kyrkja står gamalt. Den forrige kyrkja blei bygd i 1629, og ein veit at det var kyrkje her også i 1425.

Kjelder

  • Plakat på oppslagstavle utanføre kyrkja