Brakke 84 Evjemoen
Foto: Geir Daasvatn
Brakke 84 Evjemoen er administrasjonsbygget til Evje og Hornnes kommune på Evjemoen. Her ligg kommunen sitt servicekontor. Ordføraren og rådmannen med stab har sine kontor her. Det same har leiarane for eining for drift og forvaltning og kultur, og mange andre kommunalt tilsette. I 2. etasje ligg kommunestyresalen. Også formannskapet har eige møterom her.
Historie
«Brakke 84» er ikkje eit offisielt namn på bygget, men det nummeret bygningen hadde då han var administrasjonsbygget i den nedlagde militærleiren.
Kjelder
- Heimesida til Evje og Hornnes kommune