Hovden Fjellstoge
Hovden Fjellstoge er ein overnattingsstad i naturskjønne omgjevnader mellom Otra og Rv-9, 2,7 kilometer nord for Hovden sentrum øvst i Setesdal. Hovden Fjellstoge tilbyr rom med frukost, hytter for sjølvhushald og gode pakketilbod med det meste inkludert. I periodar tilbyr Fjellstoga også spanande arrangement og aktivitetar. A la carte restaurant er open kvar dag i sesongen. I vintersesongen går det gratis skibuss til Hovden Alpinsenter, og det er direkte tilkomst til det store løypenettet på Hovden for dei som vil gå langrenn.
Kjelder
- Hovden Fjellstoge si heimeside