Fylkesveg 3766
Fylkesveg 291 går nordover frå Birketveit til Stoplemyr i Iveland, og derfrå austover til Engesland i Birkenes. Vegen er 22,9 km lang. Lokalt heiter vegstykket frå Birketveit til Stoplemyr Frikstadveien. Vidare derfrå til kommunegrensa mot Birkenes heiter han Engeslandsveien. Ved Stoplemyr munnar Fv-292 som kjem frå Evje ut i Fv-291. Fv-291 er såleis ein del av gjennomgangsvegen mellom Iveland og Evje.