Grenneshaugen bustadfelt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. oktober 2014 kl. 20:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grenneshaugen hausten 2014. Foto: Geir Daasvatn

Grenneshaugen (frå 1917) er ein særeigen bygningsmasse frå drifta av Flåt gruve, mellom anna med "ungkarsbrakka" og arbeidarboligar for familiar. To tidlegare butikkar er restaurerte til bustadhus på antikvarisk grunnlag. Bygningane utmerkar seg med ein særeigen byggeskikk, med høge, spisse tak. Husa ligg i ei klynge i sentrum av Flatebygd, og utgjer eit spesielt kulturlandskap i Evje og Hornnes kommune. Alle bygningane i feltet er i dag i privat eige.

Kjelde

Kulturplan for Evje og Hornnes 2010-2020, vedtatt i Evje og Hornnes kommunestyre 12. november 2010, s. 43