Boneifura



Boneifura var ein del av bygdebiletet i Valle fram til 1969. Storstormen som herja Agderfylka 22. september, klara å få den store furua i velten. Ein meinte dette var det største og truleg det eldste treet i Valle, og ho var lett å sjå frå den gamle hovudvegen, ikkje langt frå Valle kyrkje.
Det var uvisst kor gamal denne furua var, truleg fleire hundre år, og ho var livskraftig og grøn fram til stormen tok ho av dage. Då visa det seg at det var mykje råte inni, og berre dei yste 5-6 tommane var av frisk ved. Vinden braut av treet 2 meter over bakken, og hadde ein omkverv på 2 famnar, som er 6 alnar, i fylgje Stigand.
I gamle tider meinte ein at ymse vette heldt seg her, og dei laut ein gjera seg til lags med. Det vart slege øl og saup på røtene i jola, og turre kvistar som fall ned fekk ligge i fred. Dette var på same vis som med Haugeteddan på Sordal.
Ei segn fortel om ei kone i Sagneskar, der fura stod, som nytta nokre kvistar til brenne. Då tok det eld i sotet, og det var så vidt ikkje husa brann ned.
Sjå også
Kjelder
- Valles eldste tre i bakken. Fædrelandsvennen, 23. september 1969.
- «Stigand», (Torjus Åkre): Boneifura i Valle. Fædrelandsvennen, 30. september 1969.