Rike
Rike er ein gard (gnr. 45) sentralt i Valle kyrkjebygd (Vaddebø). Sør for Rike ligg Åkre, i nord Viki. Otra er grensa i vest. Garden er ein av dei eldste i Valle.[1]
Historie
Segnet fortel at Einar frå Hovet i Hylestad rydda opp Rike, medan broren Stigand kom til Åkre. Åkre og Rike var vårstøylane til Hovet. «Soga om rudkallen må ein sjølvsagt take med ei klype salt», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[2] Men ein avlang stein sør for husa på Nistog Åkre er etter tradisjonen gravsteinen til Einar.[3]
Det er mange teoriar om opphavet til namnet på heile Setesdal. 'Setr eller Setrum skal ha vore en gamal gard i Valle. Ein teori er at høvdingætta i Setrum (Setesdal) budde der Rike seinere kom; gardsnavnet tyder «herredømmet, riket».[4] I Jol i Setesdal 1973 har Hallvard Løyland sett fram ein teori om at «setr» stammar frå det gamle ordet «sete». Med setr, ein sete, mente dei i gamle dagar ei flate litt høgt oppe. Ut frå ulike forhold meiner derfor Løyland at dei første som slo seg ned i Valle-bygda trulig reiste heimen sin på seten der Rike i dag ligg. Denne heimen - heimen til storbonden - fekk då namnet Setr på gamalnorsk. Men nøyaktig kor denne gamle garden låg, om det var på Rike eller ein annan stad i Valle, er vel framleis ukjend.
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, side 144-234
Referansar
<references>
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, side 145
- ↑ Valle IV, side 83
- ↑ Valle IV, side 146
- ↑ Edvard Bull, Økonomisk og administrativ historie, kapittel i Setesdalen (1919), side 47