Vingmyrane
Vingmyrane er eit ca 150 da stor myrområde på heia nord for Abusdalsvegen, mellom Espetveit og Kalland, sør-vest i Evje og Hornnes. Rundt myrområdet er det mange fritidsbustader. Tidlegare, kanskje fram til 2. verdskrigen, var det myrslått i delar av området.