Bispevegen (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2015 kl. 21:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bispevegen Kalland Hornnes 041015.JPG
Starten på Bispevegen frå Abusdalsvegen. Ein kan såvidt skimte at vegen er stengd med bom lenger framme.

Bispevegen (Hornnes) er ein privat skogsbilveg, stengd med bom, på heia mellom Espetveit og Kalland heilt sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Abusdalsvegen og går sørover om lag 2 km til Bispetjønnane og Tillaugtjørni. Langs vegen, etter ca 1,5 km, passerer ein det freda kulturminnet Bispestolane. Det er mange fritidsbustader innover mot enden av vegen.

I eldre tider gjekk det ein gamal ferdsleveg i dette området. Han vart kalla «Bispeveien». Det var langs denne vegen honndølane og bjelldølane skyssa biskopen mellom desse grendene i gamle dagar, framover mot 1700-talet.

Kjelder