Rysefossen
Foto: Geir Daasvatn
Rysefossen er ein foss ved Vormvik på vestsida av Byglandsfjorden, litt nord for garden Hamre i Bygland kommune. Fossen er ikkje så svær ved låg vassføring. Men etter periodar med mykje regn kan han svulme mykje opp, og det loddrette fallet blir eit fint syn.