Alfred Skaiås veg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. juni 2015 kl. 09:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Alfred Skaiås veg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Alfred Skaiås veg er ein veg i Krossen i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Senumsvegen i vest og går nokre hundre meter austover i retning av Otra og Evje sentrum. På begge sider av vegen ligg det bustader.

På folkemunne har vegen mykje vore kalla «Kyllinggata».

Alfred Skaiås veg er kalla opp etter Alfred Skaiå. Han vaks opp her, men var motstandsmann under 2. verdskrigen og døydde i tysk krigsfangenskap.