Rekordfestivalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mai 2015 kl. 08:42 av Ingvild (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rekordfestivalen på Hovden er ein musikkfestival som blei arrangert for første gong 14.-15. august 2009, med base i Hegni friluftsområde. Dette er ein intim og triveleg festival med fokus på bra musikk, morosame aktivitetar og god mat. Det er konsertar fredag og laurdag, i tillegg til at ein laurdag kan vere med på aktivitetar som fjelltur med musikalsk overrasking, andeløp i Otra, tur i barfotløypa eller stand-up paddle.


Musikk

Nokre av artistane som har vitja Rekordfestivalen tidlegare år er: Violet Road, Honningbarna, Kirsten Bråten Berg, Mikhael Paskalev, Billie Van, Fjellfolk, Valkyrien Allstars, Mirror Lakes, Trym, Monica Heldal, Kjetil Grande, Kim André Rysstad, Susie & the Spuds og Grand Island. I 2015 kjem Kari Bremnes, Ida Maria, Steve´n´Seagulls, Torgeir Waldemar, Slutface, Daniel Sandén-Warg, Sigurd Brokke, Sigrid K. Jore og Cheap Karma.

Kjelder og eksterne lenker