Hopp til innhald

Vorehei

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mars 2015 kl. 12:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utdypet bildeteksten litt)
Fil:Moisund og Vorehei i Evje og Hornnes 180410-2.jpg
Moisund med Vorehei bak til høgre (mot vest), sett frå Hannåsfjellet.

Vorehei er eit fjell vest for Otra ved Moisund i Evje og Hornnes kommune. Namnet tyder «Vaktheia». De meste tyder på at det har vore ein varde (vete) på Vorehei. Veten var ledd i ein signalkjede av bål som låg på punkter der ein kunne sjå frå den eine til den andre. Om det var vete på Ropstadknuten i Hægeland i sør, kunne ein sjå den frå Vorehei. Mot nord ser ein til to mogelege vetefjell, Gjengninghei og Årdalsknapen. Årdalsknapen er eit sikkert «vetefjell». Det skal ha vore synlege leivningar etter ei vetestue på Vorehei så seint som etter 1900.

Lokale folk kallar toppen av Vorehei for «Røysa». Det er tydelege merke etter ei åsrøys på toppen. Ho må vere svært gamal. Men arkeologane er forsiktige med å tidfeste slike åsrøyser. «Alt frå bronsealder til vikingtid», meiner dei.

Vorehei er eit mykje populært turmål for både Moisund-folk og andre turgåarar. Det går merka løype til toppen.

Kjelder