Fennefossen
Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m.
Namnet var kanskje ein gong Fenjarfoss, der første leddet er genitiv fleirtal av fen. Namnet tyder då fossen ved fena. Namneforskaren Olav Ryg meiner namnet kjem av fen, våtlendt mark, som han meiner finst på begge sider av elva. Jørgen Moseid trur namnet kjem av den femte fossen, rekna frå Byglandsfjorden. Endå ei forklaring, som den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad trur kan ha mykje for seg, er at namnet kjem av fånn, snøfonn (fleirtal fennirfors): Fossen ser ut som ei samling snøfenner når ein ser han nedanfrå. Sogemannen Jon Løyland skreiv også ned ei historie han hadde høyrd. Kari Tverfu datt i åna nedunder fossen, men kom opp att oppå fossen. Ho stod bisna på dette. - De va fenn ti` foss, sa ho. Så vart fossen heitande Fennefoss.
I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i 1804, og fekk løyve til å sette opp papirmølle og vanleg kornmølle, og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar, og papirproduksjonen kom i gang i 1806. Papirmølla blei lagd ned alt i 1813. Men verksemda i fossen elles fortsatte, og bygdefolket fekk kornet sitt malt på mølla her til ut på 1900-talet. Industrireisinga ved Fennefossen vart den første større næringa i Evje og Hornnes og heile Setesdal som ikkje var knytta til utnytting av jord.
I Fossvik på austsida av Fennefossen låg Evje nikkelverk, i drift frå 1873 til 1946. Drifta var basert på nikkel frå Flåt nikkelgruve.
Agder Energi Produksjon AS, seinere gjort om til Agder Energi Vannkraft AS, har søkt om konsesjon til byggjing av Fennefoss kraftverk i fossen. I innstilling av 4. juni 2014 gjev Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) råd om at slik konsesjon vert gjeven. Saka ligg no til endeleg avgjerd i Olje- og energidepartementet.
Den planlagde utbyggjinga vil, om konsesjon blir gjeven, føre til sterkt redusert vassføring i fossen.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 32
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2009, s. 31
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 1990, s. 63-64
- Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, hefte utgjeve av Setesdalsmuseet, 214, s. 11-13