Anders Anderssen
| Anders Anderssen | ||
|---|---|---|
| Anders Anderssen 2009. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 1930 (alder 95–96) | |
Anders Anderssen (fødd 1930 i Evje, busett på Hermansverk) er sivilingeniør og har vore fylkesingeniør og fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane. Han er utdanna ved Universitetet i Oslo, har sivilingeniøreksamen frå University of Idaho i 1959 og eksamen Master of Urban Planning 1967 frå University of Washington.
Anderssen budde 15 år i USA før han vart tilsett som fylkesingeniør i Sogn og Fjordane i 1971. Han var oljekonsulent i Sogn og Fjordane 1972-1982 og fylkesmiljøvernsjef 1982-1995.
Anderssen har ikkje vore utøvande musikar sjølv, men har lagt ned eit stort arbeid som organisasjonsmann innan musikklivet. I USA-tida gjorde han opptaket til Grieg Festival Association i Seattle i 1969, han fekk skipa Symfoniorkesteret i Sogn i 1974 og Sogn og Fjordane Symfoniorkester i 1976. Han har vore medansvarleg for Vestlandske Sommarsymfoni på Nordfjordeid ved skipinga i 1979, Leikanger Folkemusikkverkstad i 1991 og Sogn Ungdomsorkester i 1992.
Anders Anderssen er fødd og vaks opp på Evje. Han har skrive mange fine artiklar i Arnstein og andre stader om oppvekst og ungdomstid i Setesdal.
Artiklar av Anders Anderssen
- Evdølen som torpederte Blücher, Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2012, s. 41-43
- Landhandlarmiljøet på Evje før i tida, Arnstein, 2011, s. 45-47