Dåsnesvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. desember 2014 kl. 10:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Dåsnesvegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dåsnesvegen (Fylkesveg 311) er eit 1,3 km langt vegstykke i Hornnes. Vegen går frå det nye krysset med Fylkesveg 302 i Dåsnes og nord-austover til han møter Riksvei 9 rett sør for Fennefossbrua.

Dekkomsetning og Hornnes bedehus ligg heilt sør i Dåsnesvegen. Litt lenger nord, på austsida av vegen, ligg Hornnes hjelpefengsel. Her er det også avkjøyrsle på vestsida til Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes gjennom Gymnasvegen. Så kjem det ei rekke bustadhus på begge sider. Lengst nord i vegen, oppover mot Fennefossbrua, ligg Hornnesheimen.

Før kompensasjonsvegen kom gjennom Hornnes i 1965, var dette vegstykket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal.