Albert Olsen

Albert Olsen var truleg i frå Kristiansand. Han såg tidleg på 1900-talet at det var bruk for mange hustufter på Byglandsfjord. Dette var ein stasjonsby, om ein kan kalla bygda for det, som var i sterk vekst innan samferdsle, næringsliv og industri. Det kom opp husvære langs Setesdalsvegen og på båe sider av Strandgata mellom riksvegen og jarnbanestasjonen.
Albert Olsen kjøpte opp den flate furumoen sør for Strandgata med tanke på bustadtomter. Han hadde ein svoger som hadde drive med landmåling i Amerika, som så regulera og fekk opparbeidd 5 gater i dette området. Storleiken på tomtene var på rundt eit mål, og dei fekk kvart sitt nummer plent som i Kvadraturen i Kristiansand. Han ynskte også å kalla området for Albertstad, og fleire av tomtene som seinare vart kjøpt av Byglandsfjord Dampsag heitte Albertstad 1, Albertstad 2 osv. Bokverket Norges Bebyggelse nytta desse tomtenummera som husnamn i området.
Kjelder
- Fiskaa og Myckland: Norges Bebyggelse, Aust-Agder vestre del 1956, side 120-130.
- Setesdalsmuseets papirer etter Byglandsfjord Dampsag.
- Reidar Tveito etter diverse muntlige kjelder på Byglandsfjord.