Strandgata


Strandgata er den eldste av gatene på Byglandsfjord, og var opphaveleg berre eit tråkk frå Setesdalsvegen ned mot Senumsundet. Fram til 2014 heit gata Jernbanegata.
Historie
Den fyrste kjerrevegen som vart bygd i indre Agder kom mellom Hornnes og Senum i 1804. Seinare kom det kjerreveg fram til Valle i 1844, og denne fylgde fyrst vegen til Senum på vestsida av Otra. Skulle ein over til Evje, måtte ein ferje over Otra ved Faret i Hornnes. Men så kom det bru til Evje ved Birkeland i 1877. Etter det kom det ny kjerreveg på austsida av Otra frå Evje til Vassend som fylgde Setesdalsvegen vidare oppover. Ja-benken på Byglandsfjord er eit minnesmerke om denne vegomlegginga, med årstalet 1887 meisla inn.
Med veg på begge sider av Otra trong ein ferjing over Senumsundet, eller Ferjesundet som det også heiter. Eit tråkk laga seg til gjennom skogen frå Setesdalsvegen, og Bygland kommune vart seinare pålagd å opparbeida dette til ein kjerreveg. Då det vart vedteke at det skulle byggjast jarnbane til Byglandsfjordens breidd, så kjøpte handelsmannen Gunder Abusdal frå Hornnes opp land på begge sider av dette vegstykket. Han forsto at her trong folk bustadtomter etterkvart, og dela opp eigedomen i høvelege storleikar på rundt eit mål.
Gatenamnet
Når gata fekk sitt namn er uvisst, truleg då jarnbanen kom hit i 1896. Osmund Faremo og Torgeir Moseid har meint at det opphavlege namnet var Jernbanegata, men gjennom generasjonar har ein sagt Strandgata heilt til Bygland kommune bygde PU-bustadar på Kaffistovetomta. Då tok dei i bruk Jernbanegata. Men så kom det krav om adresser til kvar ein avkrok i Noreg, og då vart det lagt fram ynskje frå bygdefolk om at kommunen tok i bruk det tidlegare namnet Strandgata, og etter 2014 så er dette det offisielle namnet på gata.
Namnet Jernbanegata som ein tidlegare har nytta, er naturleg sidan gata knyter saman Setesdalsvegen og Byglandsfjord stasjon. I begge endar av gata var det også brygge for rutebåtane på Byglandsfjorden, der framleis Hotellbrygga er i bruk sommarstid. Gata enda også i det tidlegare ferjeleiet for Senumsferja.
Namnet Strandgata er også naturleg sidan gata fylgjer stranda ved Byglandsfjorden mellom Setesdalsvegen og Ferjesundet. Det er dette namnet ein har nytta det meste av tida, og som nå vert det offisielle namnet heretter.
Kjelder
- Byglandsfjord 100 år 1893-1993, artikkel av Osmund Faremo side 26.
- Oddmund Mogstad: Ferdselsvegar på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Senum. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2000 side 10
- Reidar Tveito: Riksveg 9, Bruer og særtrekk langs vegen, 2014, side 78.
- Reidar Tveito