Ole Røilands gate

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2014 kl. 22:54 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Foto)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gata var planlagt mellom Birkelandsgata og Setesdalsvegen, men berre denne biten vart realisera

Ole Røilands gate er ei gate på Byglandsfjord. Gata fekk sitt namn rundt 1910-1920, oppkalt etter Ole Røiland, som dreiv Byglandsfjord samvirkelag på den tida. Albert Olsen hadde kjøpt opp store arealer, regulert gater og tomter, og sett namn på dei. Det er bare ein stubb som brukast, men ein slags sti høyrer til. Kommunen ville døypa om gata i samband med namnesettinga dei held på med, men ga seg, og Ole Røilands gate overlevde, helst fordi det var potensiale for fleire bustadar der. Osmund Faremo freista å opparbeide heile gata som eit sysselsettingstiltak ein gong, men det var andre ting som gjekk føre då.

Kjelde