Bjørndalsvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2014 kl. 09:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til litt om utfiskings-prosjekt + kilde for oppl.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørndalsvatnet ein vakker haustdag. Foto: Geir Daasvatn

Bjørndalsvatnet ligg på heia lengst vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, rett sør for Riksveg 42 og ikkje langt frå grensa til Vest-Agder. Vatnet er 0,6 kvm2 stort. Bjørndalsvatnet heng saman med Kosvatn; vatna er bare skild frå kvarandre med eit smalt sund på ca 400 meter med liten høgdeforskjell. Bjørndalsvatnet er ein del av Kosåna-vassdraget.

Rundt Bjørndalsvatnet, spesielt på nordsida, er det bygd mange fritidsbustader. Heilt i vestre enden av vatnet ligg den nedlagde garden Steinsland. Frå nordsida av vatnet går det skogsbilveg (bomveg) langs Gunnarsåna til Gåseflå, Matkrona, Gunnarsvatnet og vidare heilt inn til Nedre Øyvatn.

I Bjørndalsvatnet har det gjennom minst 10 år vore utført utfisking med garn og storruser. Det har i gjennomsnitt blitt fanga nesten 5000 fisk kvart år. Ein sentral person i arbeidet har vore Hornnes-mannen Torbjørn Kallhovd.

Kjelde

Øverby skog AS og Gustavsen Naturanalyser, Prøvefiske i seks kalkede vann i Vest-Agder 2011, rapport 4/2012, s. 31-37