Bjørndalsvatnet
Bjørndalsvatnet ligg på heia lengst vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, rett sør for Riksveg 42 og ikkje langt frå grensa til Vest-Agder. Vatnet er 0,6 kvm2 stort. Bjørndalsvatnet heng saman med Kosvatn; vatna er bare skild frå kvarandre med eit smalt sund på ca 400 meter med liten høgdeforskjell. Bjørndalsvatnet er ein del av Kosåna-vassdraget. Heilt i vestre enden av vatnet ligg den nedlagde garden Steinsland. Rundt Bjørndalsvatnet er det bygd mange fritidsbustader. Frå nordsida av vatnet går det skogsbilveg (bomveg) langs Gunnarsåna til Gåseflå, Matkrona, Gunnarsvatnet og vidare heilt inn til Nedre Øyvatn.