Evje og Hornnes museum, Fennefoss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. oktober 2014 kl. 08:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppl. om Sigmund Monen som pådriver)
Hopp til navigering Hopp til søk
Museet på Fennefoss St. Hansaften 2014. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes geomuseum ligg idyllisk til på Fennefoss, på vestsida av Otra. Det vart etablert som eit bygdemuseum i 1975. Den sterkeste pådriveren for å få etablert museet har vært Sigmund Monen. I dag er museet ei samling under Setesdalsmuseet.

På museet er det utstillingar frå livet på garden i perioden 1800-1910. Evje gamle apotek frå 1910 er Setesdals eldste apotek. Museet har dessutan ei stor utstilling av lokal rosemåling og ølhøner.

Viktigast og mest omfattande er dei geologiske og mineralogiske utstillingane. Evje/Iveland er verdskjend for mineralrikdomen sin. På museet er det ei stor utstilling med lokale mineral. Fleire temautstillingar viser korleis mineral blir brukt i vårt moderne samfunn. I tillegg er det spennande utstillingar om Flåt nikkelgruve og om Pierre og Marie Curie. Museet har ei stor samling av lokale smykkesteinar.

Kjelder

Sjå også