Håvard Viki

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. desember 2011 kl. 23:29 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (blomen frå diakoniutvalet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Håvard Viki (fødd 14. oktober 1932) er mekanikar og maskinreparatør med eige firma i Valle, der han sel mindre maskinar av mange slag, både snøscootarar og plenklypparar. I fritida er han sterkt engasjert i kristeleg arbeid og har kvar veke andakt på Valle bygdeheim. I tillegg er han ein del av staben i Valle Radio, der han har ansvar for andaktsprogrammet Tankar frå Bibelen ein onsdag i månaden.

I desember 2011 fekk han og kona Vilborg Viki blomen for frivillig dugnadsarbeid i kyrkjelyden av Valle og Hylestad diakoniutval.

Kjelder