Knut B. Bjåen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. april 2013 kl. 18:46 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Knut B. Bjåen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut B. Bjåen (fødd 8. april 1933) bur på Bjåen. Han er fødd og oppvaksen der og var landpostbud i over 40 år. Han styrte og telegrafstasjon og dreiv hytteutleige ved sida av gardsdrifta. I tillegg passa han på målestasjonen for Meteorologisk Institutt og hadde ansvar for brøytinga av den kommunale vegen på Bjåen. Om vinteren sette han rypesnarer og fekk 25-30 ryper i snarene kvar dag. Desse leverte han hjå handelsmann Knut Vågslid på Edland. I 1958 opna han som turistvert på garden på Bjåen.

Kjelde