Torbjørg Aamlid Paus
Torbjørg Aamlid Paus (fødd 1923 i Valle, død 2001 i Valle) var ein norsk kvedar som sette djupe spor etter seg. Ho var den fyrste til å vinne tevling i kveding på Landskappleiken, det skjedde på Notodden i 1958, og ho vann tre gonger på rad. Sidan kom ho attende og vann att i 1975. Fyrste gongen ho deltok på Landskappleiken var i 1951, då saman med Aslak Austad. Siste gongen var i 1993.
Torbjørg Aamlid Paus budde lenge i Kristiansand og var aktiv i folkemusikkmiljøet der. Ho hadde mange elevar, og ho var og leiar i leikarring. Ho var styremedlem i Landslaget for Spelemenn frå 1972 til 1976. Der var ho kasserar og rekneskapsførar for Spelemannsbladet. Seinare vart ho æresmedlem i laget. Ho var og æresmedlem i Kristiansand spelemannslag og Setesdal spelemannslag.
Prisar
- Kongens Fortenstmedalje i gull
- Valle kommune sin kulturpris
- Siliusprisen frå Fædrelandsvennen.