Bjørn Harald Hagen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. september 2011 kl. 22:33 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Harald Hagen

Bjørn Harald Hagen (fødd 1957) er sjukepleiar og avdelingsleiar ved Hornnesheimen, dit han kom for å byggje opp demensavdelinga frå august 2006. Frå hausten 2010 har han eit engasjement for å vere leiar for Demensteamet i Setesdal i regi av Helseprosjekta i Setesdal, som er eit prosjekt under Setesdal Regionråd.

Kyrkjeverge

Før det var han kyrkjeverge og dagleg leiar i Evje og Hornnes fellesråd frå 1. januar 1997 i 60% stilling. Utanom det administrative arbeidet var han aktiv i å bygge opp KRIK Evje og Hornnes og i oppstarten av ungdomskoret Koriallverda. Han gjennomførte og eit større kartleggingsarbeid av alt frivillig kristeleg arbeid i kyrkjeleg regi.

Prisar

  • Demensprisen for Aust-Agder 2011

Eksterne lenker