Tor Hoslemo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. november 2011 kl. 00:15 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (omkat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor Hoslemo

Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.

Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes, der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland.

I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.

Kjelder

  • Informasjon frå coveret til Dalstroka innafor side 2

Eksterne lenker