Lindland Maskin

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juli 2011 kl. 17:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lindland Maskin AS er eit entreprenørselskap som vart etablert i 1992. Det er ei vidareføring av eit selskap som Jan Arvid Lindland starta i 1972. I 2011 fusjonerte firmaet med Agder Maskinentreprenør AS i Lund i Rogaland etter at firmaet i 2010 overtok alle aksjene i firmaet, som det til då hadde hatt 50% av aksjene i. Fusjonen ga selskapet åtte nye tilsette, slik at Lindland Maskin frå 2011 har mellom 70 og 75 tilsette. Selskapet har ein maskinpark på rundt 30 gravemaskinar, norke lastebilar, servicebilar, boreriggar og knuseverk.

Lindland Maskin har og kjøpt seg inn med 50% i maskinentreprenøren Tveit og Tjomlid AS på Oftedal i Sirdal. Med to slike oppkjøp får selskapet og ein marknad vestover mot Rogaland. I Setesdal har Lindland Maskin hatt arbeidet med vegnanlegget Tveit-KrokåRiksveg 9 frå 2009, og dei fekk og arbeidet med parsellen Krokå-Langeid.

Dagleg leiar i selskapet er Sigve Lindland.

Kjelde

  • Torbjørn Witzøe: Entreprenørfusjon. Artikkel i Fædrelandsvennen lørdag 9. juli 2011 side 13