Bygland folkebibliotek
Foto: Siri Johannessen
Bygland folkebibliotek har hovudbiblioteket sitt i Sørbygget på Byglandstunet i Bygland sentrum, og i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord er det ein filial. Biblioteket på Byland gjer og teneste som skulebibliotek for oppvekstsentra på Bygland og Byglandsfjord. Biblioteksjef er Mari Rygg.
Foto: Siri Johannessen
Ved sidan av utlån av (lyd)bøker, DVDar og musikk gjev biblioteket nybyrjarhjelp i databruk, og deltek på datakafeén for godt vaksne på frivilligsentralen to onsdagar i månaden. Biblioteket skaffar bøker på fjernlån frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølve.
Opningstider
- Bygland
- Måndag 11.30 – 14.30
- Tysdag 16.00 – 19.00
- Torsdag 14.00 – 17.00
- Byglandsfjord
- Måndag 16.00 – 19.00
- Tysdag 09.00 - 14.15