Magnhildsheddune
Magnhildsheddune er steinheller som er sette opp i ein ring på nokre berg aust for elva Hemla på Bjåen. Steinane står i Vinje kommune. Dei er eit minnesmerke over ein mann som omkom då eit brurefylgje som hadde vore til Botnedalen for å gifte seg. Kyrkja på Gjerpevoddane på Bjåen hadde brunne ned. På heimvegen råka ut for eit veldig uver. Ein mann fall då av hesten, braut ryggen og døydde. Alle i brurefylgjet sette opp ein stein til minne om hendinga. Svein Hovden fortel at brura heitte Magnhild, så då vart staden kalla Magnhildsheddune.
I 2009 vart det arrangert Naturlostur til Magnhildsheddune med Gerd Fosse Hovden og Grete Løyland som naturlosar.
Kjelde
- Ole Birger Lien: I moltestøa til Magnhildsheddune. Artikkel i Setesdølen nr. 82, 2009 side 6