Notto Halland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2014 kl. 10:49 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Notto Halland
Født: 10. desember 1872
Død: 3. juli 1942 (69 år)

Notto Halland (Notto Birkås) var fødd på husmannsplassen Birkåsen i Hornnes i 1872 og døydde i 1942. Faren var Alv Simonson Birkås og mora var Tomine Birkås. Han var gift med Gunhild Halland (Gunhild Birkås), som opphaveleg kom frå Valle. Ho var fødd i 1877 og døydde i 1961. Saman hadde dei seks born. Notto hadde mange syskjen, eitt av dei var treskjeraren Salve Birkås.

Notto kjøpte ein parsell av Børuf Hornnes og bygde opp hus der i 1904. Han kalla dette småbruket Halland, og borna hans tok då dette namnet som sitt etternamn. Fødestaden hans, Birkåsen, låg aude ei stund utover i 1920-åra. Men kring 1927 fekk han kjøpt tilbake Birkåsen med litt utmark, og busette seg der.

Notto var etter det som vart sagt ein uvanleg flink arbeidsmann. I fleire år var han gravar og kyrkjetenar i Hornnes kyrkje, eit arbeid han heldt fram med til han døydde i 1942, 70 år gamal.

Kjelder