Ørnefjell turløype
Ørnefjell turløype byrjar ved Oddeskogen barnehage nær Oddeskogen bustadfelt i Evje. Løypa går gjennom skogsterreng og har nokre bratte parti undervegs. Ho går forbi gamle Ørnefjellbakken, ein mykje brukt hoppbakke i bygda frå 1934 til slutten av 1940-talet. Ved toppen av Ørnefjell, 371 m.o.h., er det postkasse med gjestebok, og bord og stolar så ein kan kvile og nyte naturen.
Lengda på løypa er 3,5 kilometer tur/retur. Løypa er merka og det står skilt med kart ved starten.