Evje idretslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. august 2014 kl. 08:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (lagt til kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje idretslag er det første idrettslaget ein kjenner til i Evje. Laget skal ha blitt stifta 27. februar 1914. Med i det første styret var kaptein Omholdt (leiar), ingeniør Mørch Olsen, stiger Østerhus, Ole Lund og Jens Omland. Jørgen Galteland var kasserar.

Korleis det seinare gjekk med Evje idretslag veit me lite om. Laget må ikkje forvekslast med Evje Idrettslag, som vart til då skilaget Ørnen og Evje AIL slo seg saman til eitt idrettslag i 1945.

Kjelder

Olav Arne Kleveland, "Otra IL 50 år - Ei reise gjennom 50 års historie", jubileumsbok 2010 Avisa Sørlandet, tysdag 31. mars 1914