Onsdagsprogram Valle Radio 20101027
Onsdagsprogram Valle Radio 20101027 var overføring av møte i Valle kommunestyre. Sendinga i Valle Radio tok til 27. oktober 2010 klokka 18:00 og teknikar var Torhild Sandnes.
Møtet starta med synfaring klokka 15:30 hos GD Laftebygg på Rysstadmo. Avreisa var frå kommunehuset i Valle klokka 15, og ved returen var det servering av kompe før møtet starta klokka 18:00. Til å begynne med orienterte Signe Sollien Haugå om den regionale utviklingsplanen og Setesdal regionråd sin handlingsplan for 2011. Saman med henne var Agnete Rieber Mohn med på orienteringa. Etter denne var det gruppedrøfting av dei emna som som var tekne opp. Her kom det fram at det var viktig å samarbeide godt i Setesdal Regionråd.
Program
- PS 86/10 Referatsaker
- RS 45/10 Årsmelding og årsrekneskap for 2009 - Konsesjonskraftfondet KAAIKS
- RS 46/10 Møtebok frå Agder Sekretariat m/ budsjett 2011
- PS 87/10 Førespurnader
- Toralv Andersen: Oppmålingsgebyret er alt for høgt. Det må snarast tilsetjast oppmålingsingeniør.
- Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund var samd i dette og ba administrasjonen om å revidere dette.
- Olaf Henrik Homme: Vaskemaskin på Valle Bygdeheim er enda ikkje kome på plass.
- Rådmann Elise Marie Kringen orienterte om at det elektriske opplegget ikkje toler ein ny vaskemaskin.
- Saavi Nomeland: Kan ikkje godta at det tek så lang tid.
- Liv Bratlie Løyland: Korleis er det med skiløypene på Bjørnevatn?
- Bjørgulv Sverdrup Lund: Orførar, varaordførar og leiar i Valle IL arbeider med saka.
- PS 88/10 Rådmannen orienterer
- PS 89/10 Ordføraren orienterer
- PS 90/10 Rullering av handlingprogram for kommunedelplan for idrett og friluftsliv
- Rådmannen tilrår:
- Handlingsprogrammet for kommunedelplanen for idrett og friluftsliv blir rullert med følgjande prioritering av tiltak i 2011:
- Nærmiljøanlegg:
- Sambindingsvegen Prestegardskogen – Kvernhusvegen: Skilting, kart, benkar, rasteplassar, tilrettelegging
- Leirduebane
- Skuleområdet Valle skule
- Gang- og sykkelvegar
- Ordinære anlegg:
- Prestegardskogen frilufts- og aktivitetsområde, turløype (har søkt om spelemidlar)
- Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde
- Møykjeromet. Utviding med spinningsal
- Langrennsstadion, Furestøyl
- Kunstgrasbane, Valle stadion
- Oppgradering av friidrettsdelen av Valle stadion
- Skiskyttaranlegg Furestøyl
- PS 91/10 Evaluering Setesdal Brannvesen IKS - kostnadsfordeling
- PS 92/10 IKT-samarbeid i Setesdal
- PS 93/10 Felles ROS-analyse for Setesdal
- PS 94/10 Saksframlegg - 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Bergsøytjønn - Videvad
- PS 95/10 Heieplanen – innspel frå Valle kommune SAKA ETTERSENDAST