Sigurdshaug
Utsjånad
Sigurdshaug er etter segna ein stor gravhaug på Gråten i Valle der Kong Sigurd av Tveitebø fall etter eit stort slag. Johannes Skar skildrar hendinga på levande vis i Gamalt or Sætesdal. Haugen blei utgrave i samband med utskiftinga på 1870-tale. Mykje truleg er det tale om ein vanleg gravhaug.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 37–38
- Artikkelen om fornminnefunna på Gråten på Kulturminnesok.no