Kvinnebekken (Byklum)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2026 kl. 05:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bildetekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernhus ved Kvinnebekken forbi Haugen 11. februar 2025.
Kvinnebekken forbi Heggjeslettune med Byklumplasset ein gong i åra 1910–1920. Lasta ned frå Lokalhistoriewiki, etter ein kopi hos Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog Byklum. Trykt i Heimar og folk i Bykle, band IV, 2006, s. 262.

Kvinnebekken renn frå Heitjønn nord for Bykle kyrkjebygd sørover gjennom Byklum til Otra. Bekken kløyver seg det siste stykket. Ei grein renn ned med Haugen er tydeleg laga av mannehand. Det skjedde truleg tidleg på 1800-talet. Før det gjekk heile bekken ned med Kroné. Alle kvernhusa stod då her. Då bekken blei leia ned med Haugen blei kvernhusa flytta dit, og bøndene fekk kortare og greiare veg til kvernene sine.

Bekken og området rundt er eit viktig kulturlandskap i Kyrkjebygda.

Kjelder

Kart

Laster kart ...