Valle kultursenter
Valle kultursenter ligg ved Valle skule. Her finn ein idrettshall, symjehall, badstove, skytebane for pistolskyting og forsamlingssal der mellom anna Bygdekinoen syner filmar.
I 2025–2026 blei bygningsmassen både utvida og oppgradert. Ein heilt ny storsal med teleskoptribune kom på plass. Det kom også nytt inngangsparti, ny ungdomsklubb, kjøkken m.m. PK Entreprenør AS i Søgne var totalentreprenør for arbeidet. Fleire mindre, lokale verksemder hadde oppdrag under bygginga. Offisiell opning av det nye kultursenteret var 18. april 2026.