Hopp til innhald

Go tell it on the Mountain

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. desember 2025 kl. 19:09 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Go tell it on the Mountain er eit innlegg Geir Daasvatn skreiv på Facebook etter den årevisse julekonserten i Evje kyrkje 7. desember 2025.

Go tell it on the Mountain!

Julekonserten i ei mest fullsett Evje kyrkje sundag 7. desember var ein av dei finaste og friskaste eg kan hugse.

Nå er det ikkje så lenge eg hugsar. Men det var verkeleg stas å vere tilhøyrar i kyrkja denne desemberkvelden. Utanfor var det mørkt, men inne var det lys og varme og ikkje minst oppløfta stemning.

Evje og Hornnes Hornmusikk med vener frå Iveland og Vennesla opna med bra trøkk. Bygdekoret leia av Oxana Emmelkamp varta opp med både den uendeleg vakre «Julenatt» og den fengande «Rocking around the Christmas tree». Heile salen reiste seg og rocka med rundt i benkane. Evje og Hornnes menighetskor med Jo Inge Rosseland og Åse Tormodsdotter Gullsmedmoen som solistar imponerte igjen med høg kvalitet i framføringa. Då Åse godt backa opp av koret drog i gong «Go tell it on the Mountain» var det kjempestemning i kyrkjeromet.

På pianoet trylla Eirik Hodnemyr fram den nydelegaste versjonen av musikk frå Snøfall (eller var det kanskje Askepott, eg er ikkje så stø på slikt). For meg var «Mitt hjerte alltid vanker» som allsong mot slutten eit høgdepunkt. Med to kor i kyrkjelyden som «forsangarar» har eg sjeldan høyrt mektigare eller meir gripande song i dette kyrkjeromet. Olav Nilsen og Solveig Eiken sydde programmet saman på fortreffeleg vis.

Ein verdfull eigenskap med musikk er at han kan løfte oss opp og fram. Kanskje spesielt der orda ikkje når fram. Konserten slutta med «Deilig er jorden» og allsong. Eg – og eg vonar mange fleire – gjekk oppløfta ut i desembermørkret. Javisst er det mykje vondskap i denne verda. Men sanneleg mykje vakkert og godt òg. Lat oss sette kreftene inn på å løfte fram meir av det siste.

Takk for musikken, takk for at de laga denne fine kvelden for oss 💝