Ryningen (Dale)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. august 2025 kl. 06:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryningen 22. august 2025.

Ryningen er ein tidlegare husmannsplass på Dale i Bygland.

Olav Endreson Nesland frå Åseral rydda plassen etter avtale med bonden Kristen Dale på bruket Der nede. Olav gifta seg med Mari Eivindsdotter frå Austad sokn. Dei var busette i Ryningen kring 1850–1880. Då Olav døydde, flytta enka Mari frå plassen. Stoga blei flytta til SmieholtetSenum i Hornnes.

Kjelder

  • SEFRAK-registeret
  • Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 384
  • Artikkelen om Dale på Lokalhistoriewiki

Sjå også

Kart

Laster kart ...