Landsverk (Evje og Hornnes gnr. 54)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. april 2025 kl. 11:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bare murar står att etter bygningane som ein gong var på garden.

Landsverk (Landsverk, nordre, øvre) er ein gard (gnr. 54) i Evje, i skogen 500–600 m sør-vest for Flåt nikkelgruve. Evje og Hornnes kommune eig grunnen. Garden er for lengst fråflytta. Bare nokre murar står igjen i terrenget og viser kor husa stod. Evje Mineralsti går gjennom garden. I området ligg også dei fem Landsverkgruvene.

Historie

Landsverk blei skild ut frå Odde i mellomalderen. Til langt ut på 1800-talet var garden eigd av forskjellige privatpersonar.

Evje nikkelverk kjøpte Landsverk-garden i 1890. Først budde stigeren i Flåt-gruva her. Seinare blei det ingeniør-bustad. Den mest kjente av dei var Steinulf Smith-Meyer, som budde på Landsverk med huslyden sin frå sist på 1920-talet til eit stykke ut på 1940-talet. Men ingeniørane dreiv ikkje garden. Det gjorde ein forpaktar. Han hadde eit lite hus på andre sida av gardstunet. Frå 1929 budde familien Gunleif Stokkeland i Drengstova. Dei var på Landsverk til midt på 1960-talet. Då flytta dei ned til sentrum i Flatebygd, og garden blei ståande tom. Husa brann ned på 1970-talet, då det var leirskule på Landsverk.

Kjelder

Kart

Laster kart ...