Lunden Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 17)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mars 2026 kl. 12:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunden 25. desember 2019.

Lunden er ein liten eigedom (gnr. 15 bnr. 17) midt i sentrum på Ose i Bygland. Han var først ein husmannsplass for Tarald Mikkjelson Flårenden (f. 1842, d. 1917). Tarald kom til Ose frå Flårenden i Valle i 1903. I 1924 blei plasset frådelt, og fekk bnr. 17. Delar av våningshuset er svært gamalt, og skal vere frå ei årestoge med ljore i taket. Eigedomen er framleis i bruk, nå som fritidsbustad.

Kjelder

Kart

Laster kart ...