Risdal Touring

Foto: Geir Daasvatn
Risdal Touring er ein turoperatør (AS) med hovudkvarter på Evjemoen. Selskapet har basis som busselskap, men arrangerer også reiser med båt, fly og tog. Driftsinntektene i 2019 var om lag 119 millionar kroner. I 2023 var det rekordomsetning med rundt 160 millionar kroner. Dagleg leiar er Tom Roger Øydne. Styreleiar er Olav Ljosland Risdal. Gjennom aksjeselskapet Olto Holding eig dei 50 % kvar av aksjane i selskapet. Det er (2024) rundt 100 tilsette i firmaet.
I desember 2023 blei det kjend at busselskapet Sverre Haga AS i Rogaland skulle bli eit søsterselskap under Ljosland Holding AS og Ziel Kapital AS, i same selskapsstrukturen som Risdal Touring.
Kjelder
- Heimesida til Risdal Touring
- Proff.no
- Om Olto Holding AS på Proff.no
- Sigrid Åsen Haugsgjerd]], Kjøper busselskap i Rogaland, artikkel i Setesdølen nr. 85, 2023, side 4
- Sigurd Haugsgjerd, Rekordomsetning i 2023, artikkel om Risdal Touring i Setesdølen nr. 2, 2024, side 6–7