Hanefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. september 2023 kl. 07:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hanefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Uldalsvassdraget ved Herefoss i Birkenes kommune. Det blir fjernstyrt frå Brokke i Setesdal. Eigar er Å Energi Vannkraft.

Det er installert to turbinar med total effekt på 22 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 120 GWh. Det svarar til årsforbruket til om lag 6 300 husstandar. Vatnet blir leia i ei 530 meter lang trykksjakt frå reguleringsmagasinet i Uldalsåna til turbinen. Totalt fall er 71 meter. Straumen blir leia til Vegusdal trafostasjon.

Kjelder

Kart

Laster kart ...