Hopp til innhald

Tovdal kyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. februar 2024 kl. 10:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Langkyrkje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Tovdal kyrkje 2016.

Tovdal kyrkje ligg på Hillestad i Tovdal i Åmli kommune. Ho er ei langkyrkje i tre, bygd i 1820, med rundt 105 plassar. Kyrkja blei formelt innvigd først i 1827. Ho vart restaurert i 1932 og 1980.

Kyrkjestaden på Hillestad er gamal. Alterdisken har årstalet 1654. Eit stort døypefat av messing har årstalet 1674. På kyrkjeklokka står årstalet 1682. Desse sakene må ha vore i den første kyrkja på staden. Når den kyrkja var bygd veit ein ikkje sikkert.

Kjelder