Hopp til innhald

Brukar:Geir Daasvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. januar 2022 kl. 11:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Meir språkvask)
Var det den leidi eg skulle?
Foto: Geir Daasvatn

Eg er fødd i 1961. Eg budde på FarmoHornnes frå 1975 til 2013. Sommaren 2013 flytta eg til Evje, saman med kona Rita Flottorp. Sommaren 2020 flytta vi attende til Hornnes.

Eg har alltid likt å skrive litt. For nokre år sidan begynte eg med fotografering som ein hobby. Dei to interessene er greie å kombinere her på Setesdalswiki. Eg er også veldig glad i heimbygda mi, og glad i Setesdal i det heile. Eg har lyst til å være med å formidle til andre litt av alt det fine som finnast her av natur og landskap, av vakre kulturminne og ikkje minst flotte menneske av alle slag.

Personmal

Geir Daasvatn